Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 1:13-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Tredje gongen sende kongen ein femtimannsførar og mennene hans til han. Då denne tredje føraren var komen opp, fall han på kne framfor Elia og bad for seg: «Gudsmann», sa han, «kom i hug kor dyrt livet er for meg og desse femti tenarane dine!

14. Eld fór ned frå himmelen og øydde dei to førre førarane og mennene deira. No må mitt liv vera dyrt i dine auge!»

15. Herrens engel sa til Elia: «Gå med han og ver ikkje redd han!» Då stod han opp, følgde med føraren ned til kongen

16. og sa til han: «Så seier Herren: Fordi du sende bod og ville rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron, som om det ikkje var nokon Gud å spørja i Israel, skal du ikkje stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.»

17. Og Ahasja døydde, slik som Herren hadde sagt gjennom Elia. Ahasja hadde ingen son, difor vart bror hans, Joram, konge etter han. Dette hende i andre året Joram, son til Josjafat, var konge i Juda.

18. Det som elles er å seia om Ahasja og det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 1