Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 9:21-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Saul svara: «Men er ikkje eg berre ein benjaminitt, frå ein av dei minste stammane i Israel? Og er ikkje slekta mi den ringaste av alle slekter i Benjamin-stammen? Kvifor snakkar du då slik til meg?»

22. Men Samuel tok Saul og tenesteguten hans og førte dei inn i hallen. Han gav dei plass øvst mellom gjestene. Det var om lag tretti mann der.

23. Samuel sa til kokken: «Kom hit med det stykket som eg gav deg og bad deg leggja til sides.»

24. Kokken tok opp lårstykket og det som følgde med, og sette det fram for Saul. Og Samuel sa: «Her har du det som er att. Et no! Det vart halde av for deg til denne festen som eg har kalla folket saman til.» Så åt Saul saman med Samuel den dagen.

25. Sidan gjekk dei ned frå haugen og inn i byen, og Samuel sat og snakka med Saul på taket.

26. Tidleg om morgonen, då det grydde av dag, ropa Samuel til Saul oppe på taket: «Stå opp, så skal eg følgja deg på veg!» Saul stod opp, og dei gjekk ut saman.

27. Då dei kom til utkanten av byen, sa Samuel til Saul: «Sei til tenesteguten din at han skal gå i førevegen.» Tenesteguten gjekk, og Samuel sa: «Bli ståande her ei stund, så skal du få høyra kva Gud har sagt.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 9