Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 9:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det var ein mann av Benjamin-stammen som heitte Kisj. Han var son til Abiel, son til Seror, son til Bekorat, son til Afiah, som var frå Benjamin. Kisj var ein velhalden mann.

2. Han hadde ein son som heitte Saul, ein staut ung mann. Det fanst ingen stautare enn han i Israel. Han var eit hovud høgare enn alle andre.

3. Ein gong kom det bort nokre eselhopper for Kisj, far til Saul. Då sa han til son sin: «Ta med deg ein av tenestegutane og ta i veg og leita etter eselhoppene!»

4. Dei drog over Efraim-fjella og gjennom Sjalisja-landet, men fann dei ikkje. Så drog dei gjennom Sjaalim-landet, men esla var ikkje der heller. Sidan drog dei gjennom Benjamin-landet, men fann dei ikkje.

5. Då dei kom til Suf-traktene, sa Saul til tenesteguten som var med han: «Kom, lat oss gå heim att, elles blir far min meir uroleg for oss enn for esla.»

6. Men tenesteguten svara: «Høyr no, i byen her bur det ein gudsmann som det går gjetord om. Alt han seier, slår til. Lat oss gå dit! Han kan visst seia oss vegen vi skal gå.»

7. Saul sa til tenesteguten: «Ja, lat oss gå, men kva skal vi ha med til mannen? Det er slutt på brødet i sekkene våre, og vi har inga gåve vi kan gje gudsmannen. Kva har vi vel med oss?»

8. Tenesteguten tok til orde att og sa til Saul: «Her har eg ein kvart sjekel sølv; den kan eg gje gudsmannen, så seier han oss nok kva veg vi skal gå.»

10. Saul svara: «Du har rett. Kom, lat oss gå dit!» Så gjekk dei til byen der gudsmannen var.

11. Då dei gjekk opp bakken som førte til byen, møtte dei nokre jenter som kom ut for å henta vatn, og spurde dei: «Er sjåaren her?»

9. – Før i tida sa folk i Israel når nokon gjekk for å søkja råd hos Gud: «Kom, lat oss gå til sjåaren!» Det dei no kallar profet, kalla dei før i tida sjåar. –

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 9