Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 8:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Det har dei gjort frå den dagen eg førte dei opp frå Egypt og til denne dag. Dei har gått ifrå meg og dyrka andre gudar. Og slik gjer dei no mot deg.

9. Så høyr på dei! Men åtvara dei og fortel kva rettar kongen deira kjem til å få.»

10. Samuel fortalde folket som kravde ein konge av han, alt det Herren hadde sagt.

11. Han sa: «Dette er rettane til kongen som skal herska over dykk: Han tek sønene dykkar og set dei til å gjera teneste ved kongens vogner og hestar og til å springa framfor vogna hans.

12. Nokre set han til førarar for tusen mann og nokre for femti. Nokre må pløya åkrane og hausta inn avlinga hans, andre må laga krigsvåpen og utstyr til stridsvognene.

13. Døtrene dykkar set han til å laga salvar, til å koka og baka.

14. Dei beste jordstykka, vinmarkene og olivenlundane dykkar skal han ta og gje til mennene sine.

15. Av åkrane og vinmarkene dykkar skal han ta tiend og gje til hoffmennene og tenarane sine.

16. Slavane og slavekvinnene, esla og dei beste oksane dykkar tek han i si eiga teneste.

17. Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve må de gjera slavearbeid for han.

18. Når den dagen kjem, skal de skrika høgt over kongen de valde. Herren skal ikkje svara dykk den dagen.»

19. Men folket nekta å høyra på Samuel. «Nei», sa dei, «vi vil ha ein konge over oss.

20. Vi vil vera som dei andre folka. Kongen vår skal styra oss; han skal rykkja ut framfor oss og føra krigane våre.»

21. Då Samuel hadde høyrt alt det folket sa, la han det fram for Herren.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 8