Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 8:4-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Då samla alle dei eldste i Israel seg og kom til Samuel i Rama.

5. Dei sa til han: «No er du gammal, og sønene dine følgjer ikkje dine vegar. Set ein konge til å styra oss slik alle dei andre folka har.»

6. Men Samuel såg med uvilje på dette at dei sa: «Gjev oss ein konge som kan styra oss!» Og han bad til Herren.

7. Men Herren sa til han: «Høyr på folket og alt dei seier til deg! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg.

8. Det har dei gjort frå den dagen eg førte dei opp frå Egypt og til denne dag. Dei har gått ifrå meg og dyrka andre gudar. Og slik gjer dei no mot deg.

9. Så høyr på dei! Men åtvara dei og fortel kva rettar kongen deira kjem til å få.»

10. Samuel fortalde folket som kravde ein konge av han, alt det Herren hadde sagt.

11. Han sa: «Dette er rettane til kongen som skal herska over dykk: Han tek sønene dykkar og set dei til å gjera teneste ved kongens vogner og hestar og til å springa framfor vogna hans.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 8