Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 8:15-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Av åkrane og vinmarkene dykkar skal han ta tiend og gje til hoffmennene og tenarane sine.

16. Slavane og slavekvinnene, esla og dei beste oksane dykkar tek han i si eiga teneste.

17. Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve må de gjera slavearbeid for han.

18. Når den dagen kjem, skal de skrika høgt over kongen de valde. Herren skal ikkje svara dykk den dagen.»

19. Men folket nekta å høyra på Samuel. «Nei», sa dei, «vi vil ha ein konge over oss.

20. Vi vil vera som dei andre folka. Kongen vår skal styra oss; han skal rykkja ut framfor oss og føra krigane våre.»

21. Då Samuel hadde høyrt alt det folket sa, la han det fram for Herren.

22. Og Herren sa til Samuel: «Høyr på det dei seier og set ein konge over dei.» Då sa Samuel til israelittane: «Gå heim att, kvar til sin by!»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 8