Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 7:11-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Israels hær drog ut frå Mispa; dei forfølgde filistrane til nedanfor Bet-Kar og slo dei.

12. Der tok Samuel ein stein og sette han opp mellom Mispa og Sjen. Han kalla steinen Eben-Eser – «Hjelpesteinen» – og sa: «Så langt har Herren hjelpt oss.»

13. Slik vart filistrane tvinga i kne, og dei kom ikkje meir innanfor Israels grenser. Herrens hand låg tungt på filistrane så lenge Samuel levde.

14. Dei byane som filistrane hadde teke frå Israel, kom under Israel att, heilt frå Ekron til Gat. Også områda ikring dei tok Israel tilbake frå filistrane. Mellom Israel og amorittane var det òg fred.

15. Samuel var dommar i Israel så lenge han levde.

16. Kvart år drog han rundt til Betel, Gilgal og Mispa, og på alle desse stadene skifte han rett mellom israelittane.

17. Sidan vende han attende til Rama, for der budde han, og der var han dommar for Israel. I Rama bygde han eit altar for Herren.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 7