Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 7:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då kom mennene i Kirjat-Jearim og henta Herrens paktkiste. Dei førte henne til Abinadabs hus, som låg oppe på haugen. Og dei helga Elasar, son hans, til å vakta Herrens paktkiste.

2. Frå den dagen paktkista kom til Kirjat-Jearim, gjekk det lang tid; det gjekk tjue år. Og heile Israels hus sukka etter Herren.

3. Då sa Samuel til heile Israels hus: «Vender de om til Herren av eit heilt hjarte, må de få bort dei framande gudane og Astarte-bileta som er hos dykk. Vend hjartet til Herren, og ten han og ingen annan! Så skal han fria dykk frå handa til filistrane.»

4. Då skilde israelittane seg av med Baal-gudane og Astarte-bileta og tente berre Herren.

5. Samuel sa: «Kall saman heile Israel i Mispa! Så skal eg be til Herren for dykk.»

6. Då samla dei seg i Mispa, og dei auste opp vatn og slo det ut for Herrens andlet. Den dagen fasta dei og sa: «Vi har synda mot Herren.» Sidan skifte Samuel rett mellom israelittane i Mispa.

7. Så snart filistrane fekk greie på at israelittane hadde samla seg i Mispa, drog hovdingane over filistarbyane opp mot Israel. Då israelittane høyrde det, vart dei redde filistrane

8. og sa til Samuel: «Hald ikkje opp med å ropa til Herren vår Gud for oss, så han bergar oss frå handa til filistrane.»

9. Då tok Samuel eit lite lam og ofra det som heiloffer til Herren. Han ropa til Herren for Israel, og Herren svara han.

10. Medan Samuel bar fram brennofferet, rykte filistrane fram til kamp mot israelittane. Men den dagen sende Herren eit veldig torevêr over filistrane og sette slik støkk i dei at dei tapte for israelittane.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 7