Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 6:10-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Mennene så gjorde. Dei henta to kyr som nyleg hadde kalva, og spente dei føre vogna. Men kalvane heldt dei att heime.

11. Dei sette Herrens paktkiste på vogna, og like eins skrinet med gullmusene og etterlikningane av byllane.

12. Kyrne tok strake vegen mot Bet-Sjemesj. Dei følgde same vegen og rauta heile tida. Dei bøygde ikkje av, korkje til høgre eller til venstre. Byhovdingane til filistrane følgde etter heilt til grensa mot Bet-Sjemesj.

13. I Bet-Sjemesj heldt folket på å skjera kveiten nede i dalen. Då dei såg opp, fekk dei auge på paktkista, og dei vart glade då dei såg henne.

14. Vogna kom inn på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj og stogga. Der låg det ein stor stein. Dei hogg sund treverket i vogna og ofra kyrne som brennoffer til Herren.

15. Levittane tok ned Herrens paktkiste og skrinet med gullsakene som stod ved sida av henne, og sette dei på den store steinen. Den dagen ofra mennene i Bet-Sjemesj brennoffer og slaktoffer til Herren.

16. Hovdingane over dei fem filistarbyane såg på dette og vende same dagen attende til Ekron.

17. Dette er dei gullbyllane som filistrane gav Herren til vederlag: ein for Asjdod, ein for Gaza, ein for Asjkalon, ein for Gat og ein for Ekron.

18. Gullmusene svara til talet på alle dei byane som låg under dei fem filistarhovdingane, både festningsbyane og landsbyane. Eit vitne om dette er den store steinen på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj, steinen som dei sette Herrens paktkiste på. Steinen ligg der den dag i dag.

19. Men Herren slo ned nokre av mennene i Bet-Sjemesj fordi dei hadde sett på Herrens paktkiste. Sytti mann slo han ned. Folket sørgde over det harde slaget Herren hadde gjeve dei.

20. Då sa mennene i Bet-Sjemesj: «Kven kan stå for andletet til Herren, den heilage Gud? Og kven skal han gå til når vi sender han frå oss?»

21. Så sende dei bod til folket i Kirjat-Jearim og sa: «Filistrane har sendt Herrens paktkiste tilbake. Kom og hent henne opp til dykk!»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 6