Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 6:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Herrens paktkiste hadde vore i filistarlandet i sju månader,

2. kalla filistrane saman prestane og spåmennene og spurde: «Kva skal vi gjera med Herrens paktkiste? Lat oss få vita korleis vi skal senda henne tilbake dit ho høyrer heime!»

3. Dei svara: «Sender de paktkista til Israels Gud frå dykk, så send ikkje snaue kista; de må gje noko til vederlag. Då skal de bli friske att, og de skal få vita kvifor handa hans ikkje vik frå dykk.»

4. Filistrane spurde: «Kva vederlag skal vi gje?» Dei andre svara: «Fem byllar av gull og fem mus av gull, etter talet på byhovdingane til filistrane. For det er ei og same plaga som har råka dykk alle, også byhovdingane.

5. De skal laga etterlikningar av byllane dykkar og av musene som herjar landet, og gje Israels Gud ære. Kanskje tek han då si tunge hand bort frå dykk, gudane dykkar og landet dykkar.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 6