Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 5:7-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Då mennene i Asjdod såg at det gjekk slik, sa dei: «Paktkista til Israels Gud må ikkje bli verande hos oss. For handa hans ligg tungt på oss og på vår gud Dagon.»

8. Så sende dei bod og samla alle hovdingane over filistarbyane hos seg og spurde dei: «Kva skal vi gjera med paktkista til Israels Gud?» Dei svara: «Flytt henne til Gat.» Så flytte dei paktkista til Gat.

9. Men då dei hadde flytt henne dit, ramma Herrens hand byen og skapte stor redsle og forvirring. Han heimsøkte folket i byen, og det braut ut byllar både på små og store.

10. Så sende dei Guds paktkiste til Ekron. Men då ho kom dit, skreik innbyggjarane i byen: «Dei har flytt paktkista til Israels Gud hit for å drepa oss og alle våre.»

11. Dei sende bod og samla alle hovdingane over filistarbyane og sa: «Send paktkista til Israels Gud vekk, og lat henne koma tilbake dit ho høyrer heime, så ho ikkje drep oss og folket vårt.» For det var kome dødsangst over heile byen. Guds hand låg svært tungt på han.

12. Dei som ikkje døydde, vart slegne av byllar, og klageskriket frå byen steig opp mot himmelen.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 5