Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 30:8-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. og David spurde Herren til råds: «Skal eg setja etter denne røvarflokken? Kan eg nå dei att?» Herren svara: «Set etter dei! Du skal nå dei att og berga det dei har teke.»

9. Då tok David i veg saman med dei seks hundre mennene som følgde han. Dei kom til elveleiet i Besor. Der vart nokre av dei verande.

10. David sette etter fienden med fire hundre mann. To hundre var att, dei var for slitne til å gå over elveleiet.

11. Ute på marka fann dei ein egyptar. Dei tok han med seg til David og gav han brød å eta og vatn å drikka.

12. Han fekk òg eit stykke fikenkake og to rosinkaker. Då han hadde ete, kom han til krefter att. Han hadde ikkje smaka vått eller tørt på tre døgn.

13. David spurde han: «Kven høyrer du til, og kvar er du ifrå?» «Eg er egyptar», svara han, «og i teneste hos ein amalekitt. Herren min gjekk frå meg her for tre dagar sidan fordi eg vart sjuk.

14. Vi hadde herja i Judas del av Negev, både mellom kretarane, judearane og kalebittane, og vi hadde sett Siklag i brann.»

15. Då sa David til han: «Kan du føra meg ned til denne røvarflokken?» Han svara: «Sver du ved Gud at du ikkje vil drepa meg eller gje meg i hendene på herren min, så skal eg føra deg ned til røvarflokken.»

16. Så følgde han David dit. Og sjå, der låg røvarane spreidde ut over heile marka. Dei åt og drakk og heldt fest på heile det store byttet dei hadde teke i filistarlandet og i Juda.

17. Frå grålysinga av og til det vart kveld dagen etter, hogg David dei ned. Ingen av dei slapp unna, så nær som fire hundre unge menn som kasta seg på kamelane og flykta.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 30