Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 30:19-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Ingen var sakna, korkje liten eller stor, søner eller døtrer, og heller ikkje noko av byttet eller av alt det røvarane elles hadde teke med seg. Alt saman tok David tilbake.

20. Han tok alt småfeet og storfeet deira, og dei som gjekk framføre og dreiv flokken, ropa: «Dette er byttet til David.»

21. Då David kom tilbake til dei to hundre mennene som hadde vore for utslitne til å følgja han, og som han hadde late vera att ved elveleiet i Besor, kom dei ut imot han og krigsfolket som følgde han. David gjekk fram til mennene og helsa på dei.

22. Då var det nokre vonde og gudlause menn i følgjet til David som tok til orde og sa: «Sidan dei ikkje gjekk med oss, vil vi ikkje gje dei noko av byttet vi har berga. Kvar mann kan ta med seg konene og borna sine og gå.»

23. Men David svara: «Nei, brørne mine! Far ikkje slik åt med det Herren har gjeve oss. Han har verna oss og hjelpt oss til å få tak i røvarflokken som kom over oss.

24. Kven vil halda med dykk i dette? For den som går med i striden, skal ikkje ha meir av byttet enn den som blir att ved krigsutstyret. Dei skal dela likt.»

25. Og slik har det vore frå den dagen. Han gjorde dette til lov og rett i Israel, som det er den dag i dag.

26. Då David kom til Siklag, sende han noko av byttet til dei eldste i Juda, til venene sine, med desse orda: «Her er ei gåve til dykk av byttet som eg har teke frå Herrens fiendar.»

27. Han sende gåver til dei i Betel, i Ramot-Negev, i Jattir,

28. i Aroer, i Sifmot, i Esjtemoa,

29. i Rakal, i jerahmeelittbyane, i kenittbyane,

30. i Horma, i Bor-Asjan, i Atak,

31. i Hebron og alle dei andre stadene der David og mennene hans hadde flakka omkring.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 30