Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 30:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. To dagar etter kom David og mennene hans til Siklag. Då hadde amalekittane gått til åtak på Negev og Siklag. Siklag hadde dei plyndra og brent.

2. Kvinnene og alle som var der, både små og store, hadde dei teke til fange. Dei hadde ikkje drepe nokon, men drive dei framfor seg då dei fór sin veg.

3. Då David og mennene hans kom heim, var byen brend, og konene og sønene og døtrene deira var bortførte.

4. Dei brast i gråt, både David og folket som følgde han, og dei gret til dei ikkje orka meir.

5. Dei to konene til David, Ahinoam frå Jisreel og Abigajil, som hadde vore gift med Nabal frå Karmel, var òg bortførte.

6. Sjølv var David i stor fare, for krigsfolket truga med å steina han, så bitre var dei alle fordi sønene og døtrene deira var bortførte.Men David søkte styrke hos Herren sin Gud.

7. Han sa til presten Abjatar, son til Ahimelek: «Kom hit med efoden!» Så kom Abjatar med efoden,

8. og David spurde Herren til råds: «Skal eg setja etter denne røvarflokken? Kan eg nå dei att?» Herren svara: «Set etter dei! Du skal nå dei att og berga det dei har teke.»

9. Då tok David i veg saman med dei seks hundre mennene som følgde han. Dei kom til elveleiet i Besor. Der vart nokre av dei verande.

10. David sette etter fienden med fire hundre mann. To hundre var att, dei var for slitne til å gå over elveleiet.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 30