Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 29:2-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Filistarhovdingane drog fram i spissen for avdelingar på hundre og tusen mann. Sist kom David og mennene hans saman med Akisj.

3. Då sa feltherrane til filistrane: «Kva skal desse hebrearane her?» Akisj svara dei: «Er ikkje dette David, ein av mennene til Saul, Israels-kongen, han som har vore hos meg i over eitt år? Frå den dagen han gjekk over til meg og til no har eg ikkje funne noko å utsetja på han.»

4. Men feltherrane vart arge på han og sa til han: «Send mannen bort! Han kan dra tilbake til den staden du har gjeve han. Han skal ikkje vera med oss i krigen, for han kunne venda seg mot oss midt i slaget. Korleis skulle han lettare vinna att godviljen hos herren sin enn om han kom med hovuda av mennene våre?

5. Er ikkje dette David, han som kvinnene song om medan dei dansa:Saul slo i tusental,men David har slege i titusental?»

6. Akisj kalla då David til seg og sa til han: «Så sant Herren lever, du er ein ærleg mann. Eg ser gjerne at du går inn og ut hos meg i leiren, for eg har ikkje funne noko vondt hos deg frå den dagen du kom til meg og til no. Men hovdingane lit ikkje på deg.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 29