Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 26:11-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Herren fri meg frå å leggja hand på den Herren har salva! Men ta spydet som står ved hovudet hans, og vasskrukka, og lat oss gå vår veg.»

12. Så tok David spydet og vasskrukka ved hovudet til Saul, og dei gjekk sin veg. Ingen såg det, ingen merka det, og ingen vakna. Alle sov, for Herren hadde late ein djup søvn koma over dei.

13. Då David var komen over til den andre sida, stilte han seg opp på ein fjellknaus langt borte, slik at det var stor avstand mellom dei.

14. Så ropa han til hæren og til Abner, son til Ner: «Skal du ikkje svara meg, Abner?» Abner svara: «Kven er du som ropar hit over til kongen?»

15. David sa til Abner: «Er ikkje du ein mann? Og kven er som du i Israel? Kvifor har du då ikkje halde vakt over din herre, kongen? Ein av folket kom og ville drepa kongen, herren din.

16. Det er ikkje bra, det du har gjort. Så sant Herren lever, de fortener å døy alle saman fordi de ikkje har halde vakt over herren dykkar, over han som Herren har salva. Sjå etter, kvar er kongens spyd og vasskrukke, som stod like ved hovudet hans?»

17. Saul kjende att røysta til David og ropa: «Er ikkje dette di røyst, David, son min?» David svara: «Jau, det er mi røyst, herre konge.»

18. Og han heldt fram: «Kvifor forfølgjer du tenaren din, herre? Kva har eg gjort? Kva vondt har eg gjort meg skuldig i?

19. Høyr no, herre konge, kva tenaren din seier: Er det Herren som har hissa deg opp mot meg, så lat han få kjenna angen av offer. Men er det menneske, skal dei vera forbanna for Herrens andlet. For no jagar dei meg bort så eg ikkje får bu i Herrens eige land, og seier: Gå din veg og dyrk andre gudar!

20. Lat ikkje blodet mitt væta jorda langt borte frå Herrens andlet. For Israels konge har drege ut og leitar etter ei loppe som når ein jagar rapphøner i fjellet.»

21. Då sa Saul: «Eg har gjort urett. Kom tilbake, David, son min! Eg skal ikkje gjera deg noko vondt meir sidan du sette livet mitt så høgt i dag. Eg har bore meg uvitug åt og gjort ein stor feil.»

22. David svara: «Sjå, her er spydet til kongen! Lat ein av mennene koma over og henta det!

23. Herren løner den som er rettferdig og trufast. Det var Herren som gav deg i mine hender i dag, men eg ville ikkje leggja hand på den Herren har salva.

24. Måtte Herren setja mitt liv like høgt som eg har sett ditt liv i dag, og fria meg frå all naud.»

25. Då sa Saul til David: «Velsigna er du, David, son min. Mangt skal du gjera, og alt skal du lukkast i.» Så drog David sin veg, og Saul vende heim att.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 26