Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 25:31-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. då skal du ikkje kjenna deg utrygg eller ha vondt samvit, herre, over å ha spilt uskuldig blod og teke deg sjølv til rette. Men når Herren gjer vel imot deg, kom då i hug tenestekvinna di, herre!»

32. Då sa David til Abigajil: «Velsigna er Herren, Israels Gud, som har sendt deg til møtes med meg i dag!

33. Velsigna er din klokskap, og velsigna er du sjølv, som i dag har hindra meg i å føra blodskuld over meg og ta meg sjølv til rette!

34. Men så sant Herren, Israels Gud, lever, han som har halde meg frå å gjera deg noko vondt: Hadde du ikkje vore så snar til å møta meg, ville ikkje Nabal hatt ein einaste mann att når det dagast i morgon.»

35. Så tok David imot dei gåvene ho hadde med til han, og sa til henne: «Dra heim i fred. Eg har høyrt di bøn, lyft ditt andlet!»

36. Då Abigajil kom heim att til Nabal, heldt han fest i huset, ein fest som hos ein konge. Nabal var lystig til sinns og hadde drukke mykje. Difor fortalde ho han ingenting før neste morgon.

37. Men om morgonen, då Nabal hadde sove rusen av seg, fortalde ho han alt saman. Då var det som om hjartet hans ville stogga, og han vart som ein stein.

38. Om lag ti dagar etter slo Herren Nabal, og han døydde.

39. Då David fekk høyra at Nabal var død, sa han: «Velsigna er Herren! Han har teke hemn over Nabal for den vanæra han førte over meg, og han har halde tenaren sin frå å gjera noko vondt. Herren har late Nabals vondskap koma over hans eige hovud.»Så sende David bod til Abigajil og bad henne bli kona hans.

40. Davids menn kom til Abigajil i Karmel og bar fram ærendet sitt for henne: «David har sendt oss til deg, for han vil ha deg til kone», sa dei.

41. Ho reiste seg, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Her er tenestekvinna di; som ei slavekvinne skal eg vaska føtene på tenarane til herren min.»

42. Abigajil skunda seg å gjera seg i stand. Ho sette seg på eselet, og fem tenestejenter gjekk med henne. Så følgde ho sendemennene til David og vart kona hans.

43. David hadde òg gift seg med Ahinoam frå Jisreel. Begge vart dei konene hans.

44. Men Saul hadde gjeve Mikal, dotter si, som var gift med David, til Palti, son til Lajisj frå Gallim.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 25