Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 25:23-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Med det same Abigajil fekk sjå David, sprang ho ned av eselet og bøygde seg til jorda for han.

24. Ho kasta seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg åleine som har skulda, herre. Lat likevel tenestekvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia.

25. Bry deg ikkje om den vondsinna Nabal, herre. For som han heiter, slik er han. Nabal, ‘dåre’, heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestekvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre.

26. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre: No har Herren hindra deg i å ta deg sjølv til rette og bli opphav til blodbad. Måtte fiendane dine, som vil skada deg, herre, bli som Nabal.

27. Ta imot denne gåva som tenestekvinna di har teke med til deg, herre, og gjev henne til dei mennene som er med deg på ferdene dine.

28. Tilgjev at tenestekvinna di trengjer seg på. Herren skal sanneleg gje deg ei ætt som står. For det er Herrens krigar du fører, herre, og det skal ikkje finnast noko vondt hos deg så lenge du lever.

29. Står nokon fram og forfølgjer deg og vil ta livet av deg, herre, skal livet ditt vera under Herren din Guds vern. Men livet til fiendane dine skal han slengja bort som steinar frå slyngja.

30. Når Herren gjev deg alt det gode han har lova, herre, og set deg til fyrste over Israel,

31. då skal du ikkje kjenna deg utrygg eller ha vondt samvit, herre, over å ha spilt uskuldig blod og teke deg sjølv til rette. Men når Herren gjer vel imot deg, kom då i hug tenestekvinna di, herre!»

32. Då sa David til Abigajil: «Velsigna er Herren, Israels Gud, som har sendt deg til møtes med meg i dag!

33. Velsigna er din klokskap, og velsigna er du sjølv, som i dag har hindra meg i å føra blodskuld over meg og ta meg sjølv til rette!

34. Men så sant Herren, Israels Gud, lever, han som har halde meg frå å gjera deg noko vondt: Hadde du ikkje vore så snar til å møta meg, ville ikkje Nabal hatt ein einaste mann att når det dagast i morgon.»

35. Så tok David imot dei gåvene ho hadde med til han, og sa til henne: «Dra heim i fred. Eg har høyrt di bøn, lyft ditt andlet!»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 25