Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 25:19-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Så sa ho til tenestegutane sine: «Dra i førevegen! Eg kjem snart etter.» Men til Nabal, mannen sin, sa ho ingen ting.

20. Då ho kom ridande på eselet sitt i livd av fjellet, støytte ho på David og mennene hans, som kom imot henne.

21. Men David hadde sagt: «Til fånyttes har eg vakta alt det denne mannen eig, så det ikkje har kome bort noko for han i ørkenen. Han har lønt godt med vondt.

22. Måtte Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg lèt ein einaste av mennene hans leva til det dagast i morgon.»

23. Med det same Abigajil fekk sjå David, sprang ho ned av eselet og bøygde seg til jorda for han.

24. Ho kasta seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg åleine som har skulda, herre. Lat likevel tenestekvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia.

25. Bry deg ikkje om den vondsinna Nabal, herre. For som han heiter, slik er han. Nabal, ‘dåre’, heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestekvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre.

26. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre: No har Herren hindra deg i å ta deg sjølv til rette og bli opphav til blodbad. Måtte fiendane dine, som vil skada deg, herre, bli som Nabal.

27. Ta imot denne gåva som tenestekvinna di har teke med til deg, herre, og gjev henne til dei mennene som er med deg på ferdene dine.

28. Tilgjev at tenestekvinna di trengjer seg på. Herren skal sanneleg gje deg ei ætt som står. For det er Herrens krigar du fører, herre, og det skal ikkje finnast noko vondt hos deg så lenge du lever.

29. Står nokon fram og forfølgjer deg og vil ta livet av deg, herre, skal livet ditt vera under Herren din Guds vern. Men livet til fiendane dine skal han slengja bort som steinar frå slyngja.

30. Når Herren gjev deg alt det gode han har lova, herre, og set deg til fyrste over Israel,

31. då skal du ikkje kjenna deg utrygg eller ha vondt samvit, herre, over å ha spilt uskuldig blod og teke deg sjølv til rette. Men når Herren gjer vel imot deg, kom då i hug tenestekvinna di, herre!»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 25