Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 25:10-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Men Nabal svara dei: «Kven er David? Kven er Isai-sonen? No om dagen er det så mange slavar som spring bort frå herrane sine.

11. Skulle eg ta brødet mitt og vatnet mitt og feet som eg har slakta til dei som klipper for meg, og gje det til folk som eg ikkje veit kvar kjem ifrå!»

12. Då snudde mennene og gjekk sin veg. Dei kom tilbake og fortalde David alt som hadde hendt.

13. Då sa han til mennene sine: «Spenn sverdet på dykk, alle mann!» Det gjorde dei, og David spente òg sverdet på seg. Om lag fire hundre mann følgde han opp, medan to hundre vart verande ved krigsutstyret.

14. Ein av tenestegutane kom til Abigajil, kona til Nabal, og sa: «David sende nokre menn hit frå ørkenen med helsing til husbonden vår, men han skjelte dei ut.

15. Desse mennene har vore venlege mot oss. Ingen av dei har gjort oss noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for oss så lenge vi har vore saman med dei ute på marka.

16. Dei har vore som ein mur omkring oss både natt og dag heile den tida vi heldt oss nær dei og gjette småfeet.

17. Tenk no etter og finn ut kva du skal gjera. For ulukka heng over husbonden vår og heile hans hus. Men sjølv er han så vondsinna at ingen torer tala til han.»

18. Då tok Abigajil i ein fart to hundre brød, to skinnsekker med vin, fem tillaga saueskrottar, fem sea rista korn, hundre rosinkaker og to hundre fikenkaker og leste det på esla.

19. Så sa ho til tenestegutane sine: «Dra i førevegen! Eg kjem snart etter.» Men til Nabal, mannen sin, sa ho ingen ting.

20. Då ho kom ridande på eselet sitt i livd av fjellet, støytte ho på David og mennene hans, som kom imot henne.

21. Men David hadde sagt: «Til fånyttes har eg vakta alt det denne mannen eig, så det ikkje har kome bort noko for han i ørkenen. Han har lønt godt med vondt.

22. Måtte Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg lèt ein einaste av mennene hans leva til det dagast i morgon.»

23. Med det same Abigajil fekk sjå David, sprang ho ned av eselet og bøygde seg til jorda for han.

24. Ho kasta seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg åleine som har skulda, herre. Lat likevel tenestekvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia.

25. Bry deg ikkje om den vondsinna Nabal, herre. For som han heiter, slik er han. Nabal, ‘dåre’, heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestekvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 25