Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 24:7-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. og han sa til mennene sine: «Herren fri meg frå å gjera slikt mot min herre, mot Herrens salva, og leggja hand på han. For Herrens salva er han.»

8. David snakka mennene sine til rette og gav dei ikkje lov til å gå laus på Saul.Saul forlét hòla for å dra sin veg.

9. Då reiste David seg, gjekk ut or hòla og ropa etter han: «Herre konge!» Saul såg seg tilbake, og David bøygde seg med andletet mot jorda.

10. Han sa til Saul: «Kvifor høyrer du på folk som seier at David prøver å gjera deg vondt?

11. I dag har du med eigne auge sett at Herren gav deg i mine hender i hòla. Dei sa eg skulle drepa deg. Men eg sparte deg, for eg tenkte: Eg vil ikkje leggja hand på herren min, for han er den som Herren har salva.

12. Sjå her, min far, her har eg fliken av kappa di i handa! Når eg har skore denne fliken av kappa di utan å drepa deg, må du då skjøna og forstå at eg ikkje har vondt eller svik i sinne. Eg har ikkje forbrote meg mot deg. Det er du som er etter meg og vil ta livet av meg.

13. Herren skal dømma mellom meg og deg. Han skal gje meg hemn over deg, men eg vil ikkje leggja hand på deg.

14. Eit gammalt ord seier: Frå urettferdige kjem det urett. Men eg vil ikkje leggja hand på deg.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 24