Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 24:12-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Sjå her, min far, her har eg fliken av kappa di i handa! Når eg har skore denne fliken av kappa di utan å drepa deg, må du då skjøna og forstå at eg ikkje har vondt eller svik i sinne. Eg har ikkje forbrote meg mot deg. Det er du som er etter meg og vil ta livet av meg.

13. Herren skal dømma mellom meg og deg. Han skal gje meg hemn over deg, men eg vil ikkje leggja hand på deg.

14. Eit gammalt ord seier: Frå urettferdige kjem det urett. Men eg vil ikkje leggja hand på deg.

15. Kven er det Israels konge har drege ut etter? Kven er det du forfølgjer? Ein daud hund, ei einsleg loppe!

16. Men Herren skal vera dommar og dømma mellom meg og deg. Han skal sjå til mi sak, føra henne og hjelpa meg til min rett mot deg.»

17. Då David hadde sagt alt dette til Saul, sa kongen: «Er ikkje dette di røyst, David, son min?» Så brast han i gråt

18. og sa til David: «Det er du som har rett – ikkje eg. For du har gjort godt mot meg, endå eg har gjort vondt mot deg.

19. I dag har du vist meg at du vil meg vel. Du drap meg ikkje då Herren hadde gjeve meg i di hand.

20. Kvar er den mannen som kjem over fienden sin og lèt han dra sin veg i fred? Må Herren løna deg for det du har gjort mot meg i dag!

21. No veit eg at du skal bli konge og halda kongedømet over Israel fast i di hand.

22. Så sver då ved Herren at du ikkje vil rydda ut etterkomarane mine og ikkje stryka namnet mitt ut av familien min.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 24