Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 24:10-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Han sa til Saul: «Kvifor høyrer du på folk som seier at David prøver å gjera deg vondt?

11. I dag har du med eigne auge sett at Herren gav deg i mine hender i hòla. Dei sa eg skulle drepa deg. Men eg sparte deg, for eg tenkte: Eg vil ikkje leggja hand på herren min, for han er den som Herren har salva.

12. Sjå her, min far, her har eg fliken av kappa di i handa! Når eg har skore denne fliken av kappa di utan å drepa deg, må du då skjøna og forstå at eg ikkje har vondt eller svik i sinne. Eg har ikkje forbrote meg mot deg. Det er du som er etter meg og vil ta livet av meg.

13. Herren skal dømma mellom meg og deg. Han skal gje meg hemn over deg, men eg vil ikkje leggja hand på deg.

14. Eit gammalt ord seier: Frå urettferdige kjem det urett. Men eg vil ikkje leggja hand på deg.

15. Kven er det Israels konge har drege ut etter? Kven er det du forfølgjer? Ein daud hund, ei einsleg loppe!

16. Men Herren skal vera dommar og dømma mellom meg og deg. Han skal sjå til mi sak, føra henne og hjelpa meg til min rett mot deg.»

17. Då David hadde sagt alt dette til Saul, sa kongen: «Er ikkje dette di røyst, David, son min?» Så brast han i gråt

18. og sa til David: «Det er du som har rett – ikkje eg. For du har gjort godt mot meg, endå eg har gjort vondt mot deg.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 24