Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 24:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så drog David opp derifrå og heldt til i fjellborgene ved En-Gedi.

2. Då Saul kom att etter å ha forfølgt filistrane, fekk han vita at David var i ørkenen ved En-Gedi.

3. Saul tok då med seg tre tusen mann som han hadde valt ut frå heile Israel, og drog av stad for å leita etter David og mennene hans aust for Steinbukkhamrane.

4. Han kom til nokre sauekveer ved vegen. Der var det ei hòle, og Saul gjekk inn i eige ærend. Men inst i hòla sat David og mennene hans.

5. Mennene sa til David: «No er den dagen komen som Herren hadde i tankar då han sa til deg: Eg skal gje fienden din over i dine hender, så du kan gjera med han som du vil.» Så reiste David seg og skar ein flik av kappa til Saul utan at han merka det.

6. Men sidan kjende David at det stakk i hjartet fordi han hadde skore fliken av kappa til Saul,

7. og han sa til mennene sine: «Herren fri meg frå å gjera slikt mot min herre, mot Herrens salva, og leggja hand på han. For Herrens salva er han.»

8. David snakka mennene sine til rette og gav dei ikkje lov til å gå laus på Saul.Saul forlét hòla for å dra sin veg.

9. Då reiste David seg, gjekk ut or hòla og ropa etter han: «Herre konge!» Saul såg seg tilbake, og David bøygde seg med andletet mot jorda.

10. Han sa til Saul: «Kvifor høyrer du på folk som seier at David prøver å gjera deg vondt?

11. I dag har du med eigne auge sett at Herren gav deg i mine hender i hòla. Dei sa eg skulle drepa deg. Men eg sparte deg, for eg tenkte: Eg vil ikkje leggja hand på herren min, for han er den som Herren har salva.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 24