6. Då Abjatar, son til Ahimelek, rømde til David og følgde han til Ke'ila, hadde han efoden med seg.
7. Saul fekk melding om at David var komen til Ke'ila, og han sa: «Gud har gjeve han i mi hand. For han stengde seg sjølv inne då han drog inn i ein by med portar og bommar.»
8. Så kalla Saul heile hæren saman til kamp. Han ville fara ned til Ke'ila for å kringsetja David og mennene hans.
9. Men då David skjøna at Saul la vonde planar mot han, sa han til presten Abjatar: «Ta fram efoden!»
10. Så sa David: «Herre, Israels Gud! Tenaren din har høyrt at Saul tenkjer seg til Ke'ila og vil øydeleggja byen for mi skuld.
11. Vil leiarane i Ke'ila utlevera meg til han? Kjem Saul hit ned, slik som tenaren din har fått nyss om? Herre, Israels Gud, fortel tenaren din dette!» Herren svara: «Ja, han kjem hit ned.»
12. David heldt fram: «Vil leiarane i Ke'ila utlevera meg og mennene mine til Saul?» Herren svara: «Ja, dei vil utlevera dykk.»
13. No braut David opp med mennene sine, om lag seks hundre i talet. Dei drog bort frå Ke'ila og flakka omkring der det fall seg. Men då Saul fekk høyra at David hadde sloppe bort frå Ke'ila, lét han vera å dra ut.
14. Etter dette heldt David til i ørkenen, i fjellborgene. Han slo seg til i fjellet i Sif-ørkenen. Og heile tida leita Saul etter han, men Gud lét han ikkje falla i hans hender.
15. Medan David var i Horesja i Sif-ørkenen, fekk han vita at Saul hadde drege ut for å drepa han.