Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 23:17-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. «Ver ikkje redd!» sa han. «Saul, far min, får ikkje tak i deg. Du skal bli konge over Israel, og eg skal vera nest etter deg. Det veit Saul, far min, òg.»

18. Så gjorde dei to ei pakt med kvarandre for Herrens andlet. David vart verande i Horesja, men Jonatan gjekk heim til seg.

19. Nokre menn frå Sif drog opp til Saul i Gibea og sa: «Veit du at David held seg gøymd hos oss i fjellborgene i Horesja, ved Hakila-haugen som ligg sør for Jesjimon?

20. Så sant du ønskjer å koma dit ned, konge, så kom! Vi skal syta for at du får tak i han.»

21. Saul svara: «Velsigna er de av Herren fordi de held med meg.

22. Gå no, og ver framleis på vakt. Få greie på kvar han ferdast, og kven som har sett han der. For dei har sagt meg at han er svært listig.

23. Sjå etter og finn alle gøymestadene der han kan ha gøymt seg. Kom så tilbake til meg med påliteleg melding, og eg skal vera med dykk. Så sant han er i landet, skal eg leita han opp mellom alle slektene i Juda.»

24. Då braut dei opp og drog til Sif i førevegen for Saul.David og mennene hans var då i Maon-ørkenen, på Araba-sletta, sør for Jesjimon.

25. Saul og mennene hans drog ut for å leita etter han. Men det fekk David vita, og han drog ned til berghamaren i Maon-ørkenen og vart verande der. Då Saul fekk høyra det, følgde han etter David ut i Maon-ørkenen.

26. Saul gjekk på den eine sida av fjellet og David og mennene hans på den andre. David flykta for å koma unna Saul. Men Saul og mennene hans var i ferd med å omringa David og mennene hans og ta dei.

27. Då kom det ein bodberar til Saul og sa: «Skund deg og kom! Filistrane har rykt inn i landet.»

28. Då heldt Saul opp med å forfølgja David og drog mot filistrane. Difor kallar dei den staden Sela-ha-Mahlekot, «Skiljehamaren».

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 23