Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 23:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. David fekk melding om at filistrane hadde gått til åtak på Ke'ila og plyndra treskjeplassane.

2. Då bad David Herren om råd: «Skal eg dra ut og slå desse filistrane?» Herren svara: «Dra ut og slå filistrane og fri ut Ke'ila.»

3. Men mennene til David sa til han: «Ikkje eingong her i Juda er vi trygge, og så skulle vi dra til Ke'ila, mot hæren til filistrane?»

4. Endå ein gong bad David Herren om råd, og Herren svara: «Bryt opp og dra ned til Ke'ila! Eg vil gje filistrane i dine hender.»

5. Så drog David og mennene hans til Ke'ila og kjempa mot filistrane. Dei dreiv buskapen deira bort og lét dei lida eit stort nederlag. Slik berga David folket i Ke'ila.

6. Då Abjatar, son til Ahimelek, rømde til David og følgde han til Ke'ila, hadde han efoden med seg.

7. Saul fekk melding om at David var komen til Ke'ila, og han sa: «Gud har gjeve han i mi hand. For han stengde seg sjølv inne då han drog inn i ein by med portar og bommar.»

8. Så kalla Saul heile hæren saman til kamp. Han ville fara ned til Ke'ila for å kringsetja David og mennene hans.

9. Men då David skjøna at Saul la vonde planar mot han, sa han til presten Abjatar: «Ta fram efoden!»

10. Så sa David: «Herre, Israels Gud! Tenaren din har høyrt at Saul tenkjer seg til Ke'ila og vil øydeleggja byen for mi skuld.

11. Vil leiarane i Ke'ila utlevera meg til han? Kjem Saul hit ned, slik som tenaren din har fått nyss om? Herre, Israels Gud, fortel tenaren din dette!» Herren svara: «Ja, han kjem hit ned.»

12. David heldt fram: «Vil leiarane i Ke'ila utlevera meg og mennene mine til Saul?» Herren svara: «Ja, dei vil utlevera dykk.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 23