Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 21:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Så gav presten han heilagt brød. For det fanst ikkje anna brød enn skodebrøda, som var tekne bort frå staden framfor Herrens andlet. Dei vart bytte ut med ferske brød same dagen.

7. Den dagen vart ein av mennene til Saul halden tilbake der, for Herrens andlet. Mannen heitte Doeg og var frå Edom. Han var den fremste blant gjetarane til Saul.

8. David sa til Ahimelek: «Har du ikkje eit spyd eller eit sverd her? Eg fekk korkje sverdet eller dei andre våpna med meg, for det hadde slik hast med kongens ærend.»

9. Presten svara: «Jau, sverdet til filistaren Goliat, som du slo i hel i Ela-dalen, heng bak efod-drakta, sveipt i ei kappe. Vil du ha det, så ta det. Det er ikkje noko anna sverd her.» «Det finst ikkje maken til det», sa David. «Lat meg få det!»

10. Same dagen tok David ut og rømde for Saul. Han kom til Akisj, kongen i Gat.

11. Mennene til Akisj sa til han: «Er ikkje dette David, kongen i landet? Var det ikkje om han dei dansande kvinnene song:Saul slo i tusental,men David slo i titusental?»

12. David merka seg vel det dei sa, og han var svært redd Akisj, kongen i Gat.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 21