Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 20:25-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Han sat der han var van å sitja, i høgsetet oppmed veggen. Jonatan sette seg rett imot han, og Abner sat ved sida av Saul. Men plassen til David stod tom.

26. Saul sa ikkje noko den dagen, for han tenkte: «Det har vel hendt han noko så han ikkje er rein; han har ikkje fått reinsa seg enno.»

27. Men då plassen til David stod tom også andre dagen, dagen etter nymåne, då sa Saul til Jonatan, son sin: «Kvifor er ikkje Isai-sonen komen til måltidet korkje i går eller i dag?»

28. Jonatan svara: «David bad meg inntrengjande om lov til å dra til Betlehem.

29. Kjære, lat meg få fara, sa han, for slekta vår held offerfest der i byen, og bror min har bede meg koma. Om du ser på meg med velvilje, så lat meg få fara heim og helsa på slektningane mine! – Difor er han ikkje komen til kongens bord.»

30. Då vart Saul rasande på Jonatan og sa til han: «Du son til ei dårleg og trassig kvinne! Var det ikkje det eg visste at du har valt deg ut denne Isai-sonen til skam for deg sjølv og til skam for nakenskapen til mor di!

31. Så lenge Isai-sonen lever på jorda, står korkje du eller kongedømet ditt trygt. Send bod og hent han hit til meg, for han skal døy!»

32. «Kvifor skal han døy?» spurde Jonatan. «Kva gale har han gjort?»

33. Men Saul lyfte spydet og ville renna det gjennom han. Då skjøna Jonatan at far hans ville drepa David.

34. Han reiste seg frå bordet i brennande harme og smaka ikkje mat den andre nymånedagen. Så vondt hadde Jonatan av David, for far hans hadde audmjuka han.

35. Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marka til den tid han hadde avtala med David, og han hadde ein liten gut med seg.

36. Han sa til guten: «Spring og finn pilene som eg skyt!» Medan guten sprang av stad, skaut han pila forbi han.

37. Og då guten kom til staden der ho låg, den pila Jonatan hadde skote, ropa Jonatan etter han: «Ligg ikkje pila bortanfor deg?»

38. Og så ropa han: «Skund deg, ver snar, stå ikkje der!» Guten tok opp pila og kom til herren sin.

39. Han skjøna ingen ting. Det var berre Jonatan og David som visste kva dette gjaldt.

40. Så gav Jonatan våpna sine til guten som var med han, og sa til han: «Gå inn til byen med dette!»

41. Då guten hadde gått, kom David fram frå sørsida av steinen. Han kasta seg til jorda; tre gonger bøygde han seg. Så kyste dei kvarandre og gret, dei to. David storgret.

42. Og Jonatan sa til David: «Gå bort i fred! For vi to har svore kvarandre i Herrens namn at Herren for alltid skal vera vitne om lovnaden mellom meg og deg og mellom mi slekt og di slekt.»

43. Så braut David opp og gjekk sin veg, og Jonatan gjekk tilbake til byen.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 20