Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 20:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. David flykta frå Nevajot ved Rama. Han kom til Jonatan og sa: «Kva har eg gjort? Kva vondt og gale har eg gjort mot far din sidan han vil ta livet av meg?»

2. Jonatan svara: «Langt ifrå! Du skal ikkje døy! Far min gjer då aldri noko, stort eller smått, utan at han lèt meg få vita det. Kvifor skulle han då løyna dette for meg? Slik er det ikkje.»

3. Men David svara med ein eid: «Far din veit godt at du ser på meg med velvilje. Difor tenkjer han: Dette må ikkje Jonatan få vita, det ville gjera han vondt. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Det er berre eit steg mellom meg og døden.»

4. Då sa Jonatan til David: «Alt det du ønskjer, vil eg gjera for deg.»

5. David svara: «I morgon er det nymåne. Då skulle eg sitja til bords med kongen. Men lèt du meg gå, gøymer eg meg ute på marka til tredje kvelden.

6. Skulle så far din sakna meg, må du seia: David bad meg om lov til å fara heim til Betlehem i all hast, for der held heile slekta den årlege offerfesten sin.

7. Seier han då: Det er godt, så kan tenaren din vera trygg. Men fer han opp i sinne, kan du vera viss på at han har sett seg føre å gjera meg noko vondt.

8. Ver god mot meg, for du har late meg gjera venskapspakt med deg for Herrens andlet. Men har eg gjort meg skuldig i noka synd, så drep meg du! Kvifor skulle du vel føra meg til far din?»

9. Jonatan svara: «Det skal aldri henda deg! Skjønar eg at far min har sett seg føre å gjera deg noko vondt, skal eg nok seia deg det.»

10. Då spurde David: «Kven skal varsla meg dersom far din gjev eit uforsonleg svar?»

11. Jonatan sa: «Kom, lat oss gå ut på marka!» Så gjekk dei to ut på marka.

12. Der sa Jonatan til David: «Ved Herren, Israels Gud: I morgon eller i overmorgon på denne tida skal eg ha funne ut kva far min har i tankane. Anten det då ser bra ut for deg eller ikkje, skal eg senda bod til deg og la deg få vita det.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 20