Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 2:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Hanna bad og sa:Mitt hjarte frydar seg i Herren, Herren gjev meg stor kraft.Eg ler av mine fiendar,for eg gleder meg over di frelse.

2. Ingen er heilag som Herren,for ingen er til utan du,det finst ikkje fjell som vår Gud.

3. Snakk ikkje med så store og stolte ord,lat ikkje frekt snakk gå ut av munnen!For Herren er ein Gud som allting veit,han prøver kvar ei gjerning.

4. Bogane til dei mektige blir brotne,men dei som vaklar, kler seg i kraft.

5. Mette må arbeida for sitt brød,men svoltne slepp å hungra meir.Barnlaus kvinne føder sju born,den som er rik på søner, visnar vekk.

6. Herren tek liv og gjev liv,han sender ned til dødsriket,og han fører opp att.

7. Herren gjer fattig, og han gjer rik,han fornedrar, og han opphøgjer.

8. Han reiser den veike opp av støvetog lyfter den fattige frå dungen.Han lèt dei sitja blant stormennog gjev dei ein ærefull plass.For søylene på jorda høyrer Herren til,på dei bygde han verda opp.

9. Han vaktar føtene til dei trugne,men dei urettferdige må teia i mørkret.For ingen er sterk i eiga kraft.

10. Herren knuser sine fiendar.Han lèt det torna over dei frå himmelen, Herren dømmer den vide jord.Han vil gje sin konge styrkeog sin salva stor kraft!

11. Så drog Elkana heim til Rama. Men guten vart verande og gjorde teneste for Herren, og presten Eli hadde tilsyn med han.

12. Sønene til Eli var ugudelege. Dei kjende ikkje Herren.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 2