Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 19:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein gong tala Saul med Jonatan, son sin, og med alle mennene sine om å få David drepen. Men Jonatan, son til Saul, var svært glad i David.

2. Difor fortalde han dette til David og sa: «Saul, far min, tenkjer på å drepa deg. Ta deg i vare i morgon tidleg! Finn deg ein gøymestad og hald deg der!

3. Så skal eg gå ut på marka der du er, og stå ved sida av far. Eg vil tala med han om deg, og merkar eg noko, skal eg seia deg det.»

4. Jonatan tala Davids sak for Saul, far sin. Han sa: «Kongen må ikkje gjera urett mot David, tenaren sin, for han har ikkje gjort urett mot deg. Det han har gjort, har heller vore til stort gagn for deg.

5. Han sette livet på spel og felte filistaren, og Herren lét heile Israel vinna ein stor siger. Du såg det sjølv og gledde deg. Kvifor vil du då la uskuldig blod renna og drepa David utan grunn?»

6. Saul høyrde på Jonatan og svor: «Så sant Herren lever, han skal ikkje mista livet!»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 19