Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 18:2-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Same dagen tok Saul David til seg og lét han ikkje meir få venda attende til heimen sin.

3. Og Jonatan gjorde ei pakt med David fordi han hadde fått han så kjær som sitt eige liv.

4. Han tok av seg kappa og gav henne til David saman med stridskleda og sverdet, bogen og beltet.

5. Sidan drog David ut i krigen, og han hadde lukka med seg kvar enn Saul sende han. Difor sette Saul han over stridsmennene sine. Heile folket såg opp til han, også mennene til Saul.

6. Då hæren kom heim etter at David hadde felt filistaren, kom kvinnene syngjande og dansande ut frå alle byane i Israel for å møta kong Saul med trommer, glederop og triangelspel.

7. Medan dei dansa, song kvinnene:«Saul slo i tusental,men David slo i titusental.»

8. Då vart Saul brennande harm. Han lika desse orda ille og sa: «Dei gjev David æra for titusental, men meg berre for tusental. No manglar han berre kongsmakta!»

9. Frå den dagen såg Saul skeivt til David.

10. Dagen etter kom det ei vond ånd frå Gud over Saul. Han vart heilt frå seg inne i huset, og David spela på harpa, som han gjorde kvar dag. Saul hadde eit spyd i handa.

11. Han kasta spydet mot David og tenkte: «No spiddar eg han til veggen.» Men David bøygde seg unna to gonger.

12. Då vart Saul redd David; for Herren var med han, men Saul hadde han vike frå.

13. Difor sende Saul han frå seg og sette han til førar for tusen mann. David førte hæren ut i kamp og heim att.

14. David hadde lukka med seg i alt han tok seg føre, for Herren var med han.

15. Då Saul såg at det gjekk godt for David, vart han endå meir redd han.

16. Men heile Israel og Juda elska David, for det var han som førte dei ut i kamp og heim att.

17. Ein dag sa Saul til David: «Her er Merab, eldste dotter mi. Henne gjev eg deg til kone. Syn meg til gjengjeld at du er ein djerv mann og fører Herrens krigar.» For Saul sa til seg sjølv: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistrane gjera.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 18