Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 18:17-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Ein dag sa Saul til David: «Her er Merab, eldste dotter mi. Henne gjev eg deg til kone. Syn meg til gjengjeld at du er ein djerv mann og fører Herrens krigar.» For Saul sa til seg sjølv: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistrane gjera.»

18. David svara Saul: «Kven er vel eg i Israel, og kva er vel mi slekt og familien til far min, sidan eg skal bli svigerson til kongen?»

19. Men på den tida då David skulle få Merab, dotter til Saul, vart ho gift bort til Adriel frå Mehola.

20. Men Mikal, dotter til Saul, hadde vorte glad i David. Då Saul fekk vita det, tykte han godt om det.

21. «Han skal få henne», tenkte Saul. «Ho skal bli ei snare for han så han kjem i filistarvald.» Difor sa Saul til David for andre gong: «Du skal bli svigerson min.»

22. Så sa Saul til mennene sine: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No kan du bli svigerson til kongen.»

23. Då mennene til Saul kviskra dette i øyra på David, sa han: «Trur de det er så lett å bli svigerson til kongen? Eg er ein fattig og lågætta mann.»

24. Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara.

25. Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje vil ha noka anna festargåve enn forhuda av hundre filistrar; slik vil han hemna seg på fiendane sine.» For Saul rekna med at filistrane kom til å drepa David.

26. Då mennene til Saul fortalde David kva Saul hadde sagt, var David glad for at han skulle bli svigerson til kongen. Og før tida var ute,

27. braut David opp og drog av stad med folka sine. Han felte to hundre filistrar. Så tok han forhudene deira med seg, og dei vart talde opp for kongen, slik at han kunne bli svigerson til kongen. Då gav Saul han dotter si, Mikal, til kone.

28. Men då Saul såg at Herren var med David, og skjøna at Mikal, dotter hans, elska han,

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 18