Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 18:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då David hadde snakka med Saul, vart Jonatan nær knytt til David og fekk han så kjær som sitt eige liv.

2. Same dagen tok Saul David til seg og lét han ikkje meir få venda attende til heimen sin.

3. Og Jonatan gjorde ei pakt med David fordi han hadde fått han så kjær som sitt eige liv.

4. Han tok av seg kappa og gav henne til David saman med stridskleda og sverdet, bogen og beltet.

5. Sidan drog David ut i krigen, og han hadde lukka med seg kvar enn Saul sende han. Difor sette Saul han over stridsmennene sine. Heile folket såg opp til han, også mennene til Saul.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 18