Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 17:49-58 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

49. Han stakk handa ned i veska og tok opp ein stein. Den kasta han med slyngja så han råka filistaren i panna. Steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte med andletet mot jorda.

50. Slik vann David over filistaren med slyngje og stein. Han felte filistaren og slo han i hel, endå han ikkje hadde noko sverd i handa.

51. David sprang bort til filistaren, tok sverdet hans, drog det ut or slira og drap han. Så hogg han hovudet av han.Då filistrane såg at kjempa deira var død, flykta dei.

52. Men israelittane og judearane storma fram med høge krigsrop og forfølgde dei til Gat og til portane i Ekron. Det låg falne filistrar langs vegen frå Sjaarajim heilt til Gat og Ekron.

53. Då forfølgde ikkje israelittane filistrane lenger, men drog tilbake og plyndra leiren deira.

54. David tok hovudet til filistaren og hadde det med seg til Jerusalem, men våpna hans la han i teltet sitt.

55. Då Saul såg David gå fram mot filistaren, sa han til Abner, hærføraren sin: «Abner, kven er den ungguten son til?» Abner svara: «Så sant du lever, konge, det veit eg ikkje.»

56. Kongen sa: «Finn ut kven den ungguten er son til.»

57. Då David kom att etter at han hadde felt filistaren, tok Abner han og førte han fram for Saul. Han heldt endå hovudet til filistaren i handa.

58. Og Saul spurde: «Kven er du son til, unge mann?» David svara: «Eg er son til din tenar Isai i Betlehem.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 17