Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 17:36-53 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Både løve og bjørn har tenaren din felt, og det skal gå denne uomskorne filistaren som dei; for han har hånt den levande Guds hær.»

37. Og David la til: «Herren, som har berga meg frå løve og bjørn, han skal nok òg berga meg frå denne filistaren.» Då sa Saul til David: «Gå, måtte Herren vera med deg.»

38. Så lét han David få sine eigne klede, sette ein bronsehjelm på hovudet hans og hadde på han ei brynje.

39. David batt sverdet til Saul utanpå kleda og prøvde å gå, men til fånyttes. For han hadde aldri prøvd det før. «Eg greier ikkje å gå med dette på meg», sa han til Saul, «eg er ikkje van med det.» Så la han det av seg

40. og tok heller staven sin i handa, valde seg ut fem glatte steinar frå elvefaret og la dei i gjetartaska som han bar over aksla. Slyngja hadde han i handa. Så gjekk han fram mot filistaren.

41. Imedan kom filistaren nærare og nærare David, og skjoldberaren gjekk føre han.

42. Då filistaren såg fram for seg og fekk auge på David, fnyste han forakteleg av han. For David var berre ungguten, raudleitt og vakker å sjå til.

43. «Trur du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med kjeppar?» ropa filistaren til David. Og han forbanna David ved gudane sine.

44. «Kom hit til meg», sa han, «så skal eg gje kjøtet ditt til fuglane under himmelen og dyra på marka.»

45. David svara: «Du kjem mot meg med sverd, spyd og sabel, men eg kjem mot deg i namnet til Herren over hærskarane, han som er Gud for Israels hær, han som du har hånt.

46. I dag vil Herren gje deg i mi hand. Eg skal slå deg i hel og hogga hovudet av deg. Og liket ditt og lika av filistarhæren skal eg i dag gje til fuglane under himmelen og til villdyra på jorda. Så skal heile jorda skjøna at Israel har ein Gud.

47. Og alt dette folket som er samla, skal skjøna at det ikkje er med sverd og spyd Herren gjev siger. Det er Herren som rår for krigen, og han skal gje dykk over i våre hender.»

48. Då filistaren tok til å gå bort imot David att, sprang David brått fram føre hæren for å møta han.

49. Han stakk handa ned i veska og tok opp ein stein. Den kasta han med slyngja så han råka filistaren i panna. Steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte med andletet mot jorda.

50. Slik vann David over filistaren med slyngje og stein. Han felte filistaren og slo han i hel, endå han ikkje hadde noko sverd i handa.

51. David sprang bort til filistaren, tok sverdet hans, drog det ut or slira og drap han. Så hogg han hovudet av han.Då filistrane såg at kjempa deira var død, flykta dei.

52. Men israelittane og judearane storma fram med høge krigsrop og forfølgde dei til Gat og til portane i Ekron. Det låg falne filistrar langs vegen frå Sjaarajim heilt til Gat og Ekron.

53. Då forfølgde ikkje israelittane filistrane lenger, men drog tilbake og plyndra leiren deira.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 17