Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 17:3-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Filistrane stod oppstilte i den eine fjellskråninga og israelittane i den andre. Berre dalen var mellom dei.

4. Då kom det fram frå rekkjene ein mann som utfordra til tvikamp. Han heitte Goliat og var frå Gat. Han var seks alner og eit fingerspenn høg.

5. På hovudet hadde han ein bronsehjelm, og han var kledd i ei skjelbrynje av bronse. Ho vog fem tusen sjekel.

6. På leggene hadde han bronsespjelkar, og på ryggen bar han ein sabel av bronse.

7. Skaftet på spydet hans var tjukt som ein vevbom, og spydspissen var av jern og vog seks hundre sjekel. Skjoldberaren gjekk føre han.

8. Goliat stilte seg opp og ropa til Israels-hæren: «Kvifor dreg de ut og gjer dykk klare til strid? Er ikkje eg ein filistar og de Sauls tenarar? Vel ut ein mann og send han ned til meg!

9. Kan han kjempa med meg og fella meg, skal vi vera slavane dykkar. Men vinn eg over han og feller han, skal de vera våre slavar og tena oss.»

10. Og filistaren heldt fram: «I dag har eg hånt Israels hær. Send hit ein mann, så skal vi kjempa mot kvarandre.»

11. Då Saul og alle israelittane høyrde kva filistaren sa, vart dei svært redde og mista motet.

12. David var son til Isai, som høyrde til Efrat-slekta frå Betlehem i Juda. Denne mannen hadde åtte søner. På Sauls tid var Isai gammal og skral.

13. Dei tre eldste sønene hans hadde følgt Saul i krigen. Den eldste av desse tre sønene som hadde gått i krigen, heitte Eliab, den andre Abinadab og den tredje Sjamma.

14. David var den yngste. Dei tre eldste hadde følgt Saul.

15. Men David gjekk ofte heim att frå Saul for å gjeta småfeet til far sin i Betlehem.

16. Morgon og kveld kom filistaren fram. I førti dagar baud han seg fram til kamp.

17. Då sa Isai til David, son sin: «Ta med ein efa av dette steikte kornet og desse ti brøda og skund deg til brørne dine i leiren!

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 17