Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 16:10-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Slik lét Isai dei sju sønene gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»

11. Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Han er ute og gjeter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi set oss ikkje til bords før han kjem.»

12. Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt, hadde vakre auge og var vakker å sjå til. Herren sa: «Reis deg og salva han! For han er det.»

13. Då tok Samuel hornet med olje og salva han midt mellom brørne hans. Frå den dagen kom Herrens ande over David og var med han sidan. Så braut Samuel opp og drog heim att til Rama.

14. Herrens ande forlét Saul, og ei vond ånd frå Herren skremde han.

15. Då sa Sauls menn til han: «Vi ser at ei vond ånd frå Gud skremmer deg.

16. Sei berre frå, herre, så skal tenarane dine som står her framfor deg, leita opp ein mann som kan spela på harpe. Når ei vond ånd frå Gud kjem over deg, skal han spela på harpa. Det vil gje deg lindring.»

17. Saul svara: «Ja, finn meg ein mann som er god til å spela, og før han hit til meg!»

18. Ein av dei unge mennene sa: «Eg har sett ein son til Isai frå Betlehem som kan spela. Han er ein modig og djerv krigar; han snakkar forstandig og er ein vakker mann. Og Herren er med han.»

19. Så sende Saul bod til Isai og sa: «Send hit til meg David, son din, han som gjeter småfeet!»

20. Då tok Isai eit esel, leste det med brød, ein skinnsekk med vin og eit kje og sende det med David, son sin, til Saul.

21. Slik kom David til Saul og gav seg i teneste hos han. Saul vart svært glad i han og gjorde han til våpenberaren sin.

22. Han sende bod til Isai og sa: «Lat David få vera i teneste hos meg, for eg synest godt om han.»

23. Når så ei vond ånd frå Gud kom over Saul, tok David fram harpa si og spela på henne, og Saul fekk lindring. Det vart betre med han, og den vonde ånda forlét han.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 16