Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 14:39-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

39. For så sant Herren lever, han som gjev Israel siger: Om det så er Jonatan, min eigen son, som ber skulda, skal han døy.» Men ikkje ein i hæren svara han.

40. Då sa han til heile Israel: «Still dykk på den eine sida, så skal eg og Jonatan, son min, stå på den andre.» Folket svara: «Gjer som du synest.»

41. Då sa Saul til Herren, Israels Gud: «Lat sanninga koma fram!» Og loddet fall på Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt.

42. Så sa Saul: «Kast lodd mellom meg og Jonatan, son min.» Og loddet fall på Jonatan.

43. Då sa Saul til Jonatan: «Fortel meg kva du har gjort!» Jonatan fortalde han det: «Eg tok litt honning på enden av staven som eg hadde i handa, og smaka på han. Her står eg. Eg er budd på å døy.»

44. Saul sa: «Måtte Gud la det gå meg ille både no og sidan om du ikkje må døy etter dette, Jonatan.»

45. Men folket sa til Saul: «Skal Jonatan døy, han som har vunne denne store sigeren for Israel? Det må aldri henda! Så sant Herren lever, ikkje eit hår skal falla frå hovudet hans og ned på marka! For han har hatt Gud med seg i det han har gjort i dag.» Slik berga folket Jonatan, og han slapp å døy.

46. No gav Saul opp å forfølgja filistrane meir og drog oppover att, og filistrane drog heim til sitt.

47. Då Saul hadde sikra seg kongsmakt over Israel, førte han krig mot alle fiendane sine rundt ikring: mot moabittane, ammonittane og edomittane, mot kongane i Soba og mot filistrane. Og kvar han enn vende seg, vann han siger.

48. Saul gjorde storverk. Han slo amalekittane og berga Israel frå dei som plyndra dei.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 14