Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 14:32-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Dei kasta seg over byttet, tok sauer, oksar og kalvar og slakta dei på marka. Dei åt kjøtet med blodet i.

33. Nokre menn fortalde det til Saul og sa: «No syndar folket mot Herren. Dei et kjøt med blod i.» Då sa Saul: «De har vore trulause. Velt no hit ein stor stein!»

34. Så sa han: «Gå rundt til folket og sei at kvar og ein skal koma hit til meg med oksen sin eller lammet sitt og slakta dei her, og så kan dei eta. Synd ikkje mot Herren ved å eta kjøt med blod i.» Kvar og ein i hæren kom då med oksen sin og slakta han der om natta.

35. Og Saul bygde eit altar for Herren. Det var det første altaret han bygde for Herren.

36. Sidan sa Saul: «Lat oss dra nedover og setja etter filistrane i natt og plyndra dei til det gryr av dag. Ikkje ein einaste ein av dei skal bli att.» Dei svara: «Gjer i alle måtar som du synest.» Men presten sa: «Lat oss først stiga fram for Gud!»

37. Så bad Saul Gud om råd: «Skal eg fara nedover etter filistrane? Vil du gje dei i Israels hender?» Men Gud svara han ikkje den dagen.

38. Då sa Saul: «Kom hit, alle leiarar i folket! Ransak og finn ut kva det er for ei synd som er gjord i dag.

39. For så sant Herren lever, han som gjev Israel siger: Om det så er Jonatan, min eigen son, som ber skulda, skal han døy.» Men ikkje ein i hæren svara han.

40. Då sa han til heile Israel: «Still dykk på den eine sida, så skal eg og Jonatan, son min, stå på den andre.» Folket svara: «Gjer som du synest.»

41. Då sa Saul til Herren, Israels Gud: «Lat sanninga koma fram!» Og loddet fall på Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt.

42. Så sa Saul: «Kast lodd mellom meg og Jonatan, son min.» Og loddet fall på Jonatan.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 14