Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 14:27-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Men Jonatan hadde ikkje høyrt at far hans hadde teke folket i eid. Han rette fram staven som han hadde i handa, dyppa enden på han i honningen og tok honningen i munnen. Då fekk han att glansen i auga.

28. Ein av mennene sa: «Far din har teke folket i eid og sagt: Forbanna er den som tek til seg mat i dag! Det er difor folka er så utmatta.»

29. Jonatan svara: «Far min fører ulukke over landet. Sjå berre slik glans auga mine fekk då eg smaka litt av denne honningen.

30. Om folket i dag hadde fått eta seg mette av byttet dei har teke frå fienden, ville nederlaget til filistrane ha vore endå større.»

31. Den dagen slo dei filistrane og forfølgde dei frå Mikmas til Ajjalon. Men då var folket heilt utmatta.

32. Dei kasta seg over byttet, tok sauer, oksar og kalvar og slakta dei på marka. Dei åt kjøtet med blodet i.

33. Nokre menn fortalde det til Saul og sa: «No syndar folket mot Herren. Dei et kjøt med blod i.» Då sa Saul: «De har vore trulause. Velt no hit ein stor stein!»

34. Så sa han: «Gå rundt til folket og sei at kvar og ein skal koma hit til meg med oksen sin eller lammet sitt og slakta dei her, og så kan dei eta. Synd ikkje mot Herren ved å eta kjøt med blod i.» Kvar og ein i hæren kom då med oksen sin og slakta han der om natta.

35. Og Saul bygde eit altar for Herren. Det var det første altaret han bygde for Herren.

36. Sidan sa Saul: «Lat oss dra nedover og setja etter filistrane i natt og plyndra dei til det gryr av dag. Ikkje ein einaste ein av dei skal bli att.» Dei svara: «Gjer i alle måtar som du synest.» Men presten sa: «Lat oss først stiga fram for Gud!»

37. Så bad Saul Gud om råd: «Skal eg fara nedover etter filistrane? Vil du gje dei i Israels hender?» Men Gud svara han ikkje den dagen.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 14