Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 14:22-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Då dei israelittane som hadde gøymt seg i Efraim-fjella, fekk høyra at filistrane var på flukt, sette dei etter dei og vart med i striden, dei òg.

23. Såleis gav Herren Israel siger den dagen.Striden breidde seg forbi Bet-Aven,

24. og det røynde hardt på for israelittane den dagen. Men Saul tok folket i eid og sa: «Forbanna er den som tek til seg mat før det blir kveld og eg har fått hemn over fiendane mine.» Og ingen smaka noko mat.

25. Heile hæren drog inn i skogen. Der var det honning på marka.

26. Det fløymde av honning i skogen, men ingen tok noko i munnen, slik age hadde folket for eiden.

27. Men Jonatan hadde ikkje høyrt at far hans hadde teke folket i eid. Han rette fram staven som han hadde i handa, dyppa enden på han i honningen og tok honningen i munnen. Då fekk han att glansen i auga.

28. Ein av mennene sa: «Far din har teke folket i eid og sagt: Forbanna er den som tek til seg mat i dag! Det er difor folka er så utmatta.»

29. Jonatan svara: «Far min fører ulukke over landet. Sjå berre slik glans auga mine fekk då eg smaka litt av denne honningen.

30. Om folket i dag hadde fått eta seg mette av byttet dei har teke frå fienden, ville nederlaget til filistrane ha vore endå større.»

31. Den dagen slo dei filistrane og forfølgde dei frå Mikmas til Ajjalon. Men då var folket heilt utmatta.

32. Dei kasta seg over byttet, tok sauer, oksar og kalvar og slakta dei på marka. Dei åt kjøtet med blodet i.

33. Nokre menn fortalde det til Saul og sa: «No syndar folket mot Herren. Dei et kjøt med blod i.» Då sa Saul: «De har vore trulause. Velt no hit ein stor stein!»

34. Så sa han: «Gå rundt til folket og sei at kvar og ein skal koma hit til meg med oksen sin eller lammet sitt og slakta dei her, og så kan dei eta. Synd ikkje mot Herren ved å eta kjøt med blod i.» Kvar og ein i hæren kom då med oksen sin og slakta han der om natta.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 14