Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 14:2-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Saul låg då i utkanten av Gibea, under granatapalen i Migron. Folket som var med han, talde om lag seks hundre mann.

3. Ahia bar efod-drakta. Han var son til Ahitub, som var bror til Ikabod, son til Pinhas og soneson til Eli, Herrens prest i Sjilo. Folket visste ikkje at Jonatan hadde gått.

4. På kvar side av det skardet der Jonatan prøvde å koma over til filistarforposten, var det ein bratt berghamar. Den eine heiter Boses og den andre Senne.

5. Den eine av desse hamrane stig rett opp på nordsida, midt imot Mikmas, den andre på sørsida, midt imot Geba.

6. Så sa Jonatan til våpenberaren sin: «Kom, lat oss fara over til forposten åt desse uomskorne! Kan henda hjelper Herren oss. For ingen ting kan hindra Herren i å gje siger, anten vi er mange eller få.»

7. Våpenberaren svara: «Gjer alt som ligg deg på hjartet. Gå berre på! Eg følgjer deg kvar du vil.»

8. Då sa Jonatan: «No går vi over til dei, så dei får auge på oss.

9. Om mennene då seier: Stå stille til vi kjem bort til dykk! – så blir vi ståande der vi er, og går ikkje opp til dei.

10. Men seier dei: Kom opp til oss! – så går vi opp, for då har Herren gjeve dei i våre hender. Det skal vera teiknet vårt.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 14