Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 14:16-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Frå Gibea i Benjamins landområde såg utkikkspostane til Saul at fiendehæren spreidde seg i alle retningar.

17. Då sa Saul til folket som var med han: «Hald mønstring og finn ut kven av våre som manglar.» Så heldt dei mønstring, og det viste seg at Jonatan og våpenberaren hans var borte.

18. Då sa Saul til Ahia: «Kom hit med Guds paktkiste!» For Guds paktkiste var på den tid hos israelittane.

19. Men medan Saul tala med presten, auka forvirringa i filistarleiren meir og meir. Saul sa då til presten: «Trekk handa di tilbake!»

20. Saul og alt folket samla seg og drog dit striden stod. Då fekk dei sjå at filistrane hadde vendt sverda mot kvarandre. Det rådde full forvirring.

21. Dei hebrearane som til no hadde stått under filistrane, og som hadde vore med dei på hærferdene deira, gjekk over til israelittane som følgde Saul og Jonatan.

22. Då dei israelittane som hadde gøymt seg i Efraim-fjella, fekk høyra at filistrane var på flukt, sette dei etter dei og vart med i striden, dei òg.

23. Såleis gav Herren Israel siger den dagen.Striden breidde seg forbi Bet-Aven,

24. og det røynde hardt på for israelittane den dagen. Men Saul tok folket i eid og sa: «Forbanna er den som tek til seg mat før det blir kveld og eg har fått hemn over fiendane mine.» Og ingen smaka noko mat.

25. Heile hæren drog inn i skogen. Der var det honning på marka.

26. Det fløymde av honning i skogen, men ingen tok noko i munnen, slik age hadde folket for eiden.

27. Men Jonatan hadde ikkje høyrt at far hans hadde teke folket i eid. Han rette fram staven som han hadde i handa, dyppa enden på han i honningen og tok honningen i munnen. Då fekk han att glansen i auga.

28. Ein av mennene sa: «Far din har teke folket i eid og sagt: Forbanna er den som tek til seg mat i dag! Det er difor folka er så utmatta.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 14