Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 13:13-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Då sa Samuel til Saul: «Du har bore deg uvitug åt. Du har ikkje halde det bodet som Herren din Gud gav deg. For då ville Herren ha stadfest kongedømet ditt over Israel for alle tider.

14. Men no skal kongedømet ditt ikkje stå ved lag. Herren har leita seg ut ein mann etter sitt hjarte og kalla han til fyrste over folket sitt. For du har ikkje halde det Herren baud deg.»

15. Så gjorde Samuel seg ferdig; han tok ut frå Gilgal og fór opp til Gibea i Benjamin.Då Saul mønstra folket som hadde samla seg rundt han, var det om lag seks hundre mann.

16. Saul og Jonatan, son hans, låg ved Geba i Benjamins landområde med det folket som hadde samla seg rundt dei, og filistrane hadde slege leir ved Mikmas.

17. Frå filistarleiren drog det ut plyndrarar i tre avdelingar. Den første gjekk i retning Ofra i Sjual-området,

18. den andre i retning Bet-Horon og den tredje i retning grensa på høglandet over Sebo'im-dalen, mot ørkenen.

19. Den gongen fanst det ingen smed i heile Israel. For filistrane sa: «Hebrearane må ikkje få laga seg sverd og spyd sjølve!»

20. Difor laut kvar israelitt fara ned til filistrane når han skulle ha kvesst eit plogjern eller ei hakke, ei øks eller ein sigd.

21. Prisen var to tredjedels sjekel for plogjern og hakker, tretinda høygaflar og øksar og for å få sett jernpigg på stavar.

22. Slik hadde det seg at den dagen slaget stod, hadde ingen av dei som følgde Saul og Jonatan, sverd eller spyd. Berre Saul og Jonatan, son hans, hadde slike våpen.

23. Forposten til filistrane rykte fram til passet ved Mikmas.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 13