Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 13:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Saul var tretti år gammal då han vart konge, og han var konge over Israel i to år.

2. Saul valde seg ut tre tusen mann av Israel. To tusen av dei var saman med han ved Mikmas og i fjelltraktene ved Betel, og eitt tusen var saman med Jonatan ved Gibea i Benjamins landområde. Saul sende resten av folket heim att, kvar til sitt.

3. Jonatan slo vaktstyrken til filistrane i Gibea, og det fekk filistrane høyra. Saul lét hornet gjalla over heile landet, for han sa: «Dette skal hebrearane høyra.»

4. Heile Israel fekk høyra at Saul hadde slege vaktstyrken til filistrane, og at filistrane hadde lagt israelittane for hat. Då vart folket kalla ut for å følgja Saul til Gilgal.

5. Filistrane samla seg til strid mot Israel med tre tusen vogner og seks tusen ryttarar og med fotfolk så mange som sanden på havsens strand. Dei drog opp og slo leir ved Mikmas, aust for Bet-Aven.

6. Israelittane vart hardt pressa, og då dei såg kor farleg det vart, gøymde nokre seg i hòler og tornebuskar, i fjellkløfter, underjordiske gangar og brønnar,

7. medan andre rømde over Jordan til landområda i Gad og Gilead.Saul var framleis i Gilgal, og heile folket følgde han, skjelvande av redsle.

8. Han venta i sju dagar, til den tida Samuel hadde fastsett. Men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreia seg og gå frå Saul.

9. Då sa han: «Kom hit med brennofferet og fredsoffera!» Så bar han fram brennofferet.

10. Han var nett ferdig med å ofra då Samuel kom. Og Saul gjekk til møtes med han for å helsa han velkomen.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 13