Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 11:8-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Saul mønstra dei i Besek; det var 300 000 israelittar og 30 000 judearar.

9. Dei sa til bodberarane som var komne: «Sei til mennene i Jabesj i Gilead: I morgon når sola tek til å brenna heitt, skal det koma hjelp til dykk.» Då bodberarane kom og melde dette til mennene i Jabesj, vart dei glade.

10. Dei sa: «I morgon skal vi gje oss over til dykk, så kan de gjera med oss som de finn for godt.»

11. Dagen etter delte Saul folket i tre avdelingar, og i morgonvakta braut dei inn i leiren. Då dagen var på det heitaste, hadde dei slege ammonittane. Dei som overlevde, vart spreidde. Det var ikkje att to mann på same staden.

12. Folket sa til Samuel: «Kven var det som sa: Skal Saul vera konge over oss? Lat oss få tak i dei mennene og drepa dei!»

13. Men Saul sa: «På denne dagen skal ingen drepast, for i dag har Herren gjeve Israel siger.»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 11