Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 1:19-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Morgonen etter stod dei tidleg opp og tilbad Herren. Så gav dei seg på heimveg og kom til Rama. Og då Elkana igjen var saman med Hanna, kona si, kom Herren henne i hug.

20. Før året var ute, vart ho med barn og fødde ein son. Ho kalla han Samuel; «for eg har bede Herren om han», sa ho.

21. Elkana drog opp att med heile sitt hus for å bera fram det årlege slaktofferet og lovnadsofferet for Herren,

22. men Hanna vart ikkje med. Ho sa til mannen sin: «Når guten er avvand, vil eg ta han med, så han kan førast fram for Herren og sidan vera der all si tid.»

23. «Gjer som du tykkjer best», svara mannen hennar, Elkana. «Ver heime til du har vant han av! Måtte Herren setja sitt ord i verk!» Så heldt kvinna seg heime og amma sonen til han var avvand.

24. Då ho hadde vant han av, tok ho han med opp til Herrens hus i Sjilo. Ho hadde med seg ein treårsgammal okse, ein efa mjøl og ein skinnsekk med vin. Guten {{var med dei, og dei førte han fram for Herren. Og far hans slakta slaktofferet, slik han gjorde kvart år for Herren.

25. Han førte fram}} guten og slakta oksen. Hanna, mor hans, kom fram for Eli med guten.

26. «Tru meg, herre!» sa ho. «Så sant du lever, herre, eg er den kvinna som stod her hos deg og bad til Herren.

27. Denne guten var det eg bad om, og Herren har gjeve meg det eg bad om.

28. No gjev eg han tilbake til Herren for heile hans levetid. Han skal høyra til Herren.» Så bøygde dei seg og tilbad Herren der.

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 1