Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Samuelsbok 1:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I Ramatajim-Sufim i Efraim-fjella budde ein mann som heitte Elkana. Far hans heitte Jeroham og var son til Elihu, son til Tohu, son til Suf frå Efraim-stammen.

2. Elkana hadde to koner. Den eine heitte Hanna og den andre Peninna. Peninna hadde born, men Hanna var barnlaus.

3. År etter år drog denne mannen opp frå heimbyen sin til Sjilo for å be og ofra til Herren over hærskarane. Der var dei to sønene til Eli, Hofni og Pinhas, prestar for Herren.

4. Når Elkana heldt offermåltid, gav han Peninna, kona si, og alle sønene og døtrene hennar kvart sitt stykke av offerkjøtet,

5. men Hanna fekk dobbelt så mykje. For det var Hanna han elska, endå Herren hadde lukka morslivet hennar.

6. Men medkona krenkte og terga henne støtt og ville gjera henne motlaus fordi Herren hadde lukka morslivet hennar.

7. Slik gjekk det år etter år. Kvar gong Hanna drog opp til Herrens hus, terga Peninna henne. Då gret ho og ville ikkje eta.

8. Men Elkana, mannen hennar, sa til henne: «Kvifor græt du, Hanna, og kvifor et du ikkje? Kvifor er hjartet ditt så fullt av sorg? Er ikkje eg meir for deg enn ti søner?»

Les hele kapitlet 1. Samuelsbok 1